Finsk klassevinnar i "Høgenibba opp/ned"

Av Øyvind

Antti Hannukainen frå Blakset stilte til start i klassen Telemark 40-49 år.
Høgenibba Fjelltelemark vart arrangert for første gang 03.03.2007. Høgenibba Fjelltelemark går i flott natur i Hornindals fjella som grenser inn til Møre grense.

Løparane går frå Hornindal Skisenter 380 m.o.h og ca 4 km opp til Høgenibba, så i bratt fjellterreng frå 1191 m.o.h. ned til 850 m.o.h. der det flater litt ut før det igjen stuper ned i skogs- og jordbruks- terreng frå 700 m.o.h. og ned til mål 135 m.o.h. Siste kilometerane flater terrenget ut ned mot mål.


(Henta frå www.nibba.no)

Antti vann klassen sin med 2 sekunds margin til Per Jakob Kyrkjeeide frå Markane. Vi gratulerer!

Sjå heile resultatlista.
Meir informasjon på www.nibba.no.
(Sist oppdatert 01.mars 2011, 22:49)

Gå til nyhendearkiv