Sterke resultat i alpint i helga

Av Øyvind

Laurdag arrangerte alpingruppe i Stryn T&IL det første av tre sonerenn i alpincupen for Nordfjord. Veten stilte med tre talentfulle alpinistar.
I klassen Jenter 10 år (ingen rangering) stilte Tea Mari Stensaker. Ho fekk 3. beste tid i denne klassen.
Daniel Hagen stilte i klassen Gutar 10 år (ingen rangering). Han fekk beste tid.
Matias Hagen vart bestemann i klassen Gutar 12/13 år, etter ein spennande duell med Elias Åsebø frå Haugen. Det skilde berre omlag 1 sekund mellom desse.

Gratulerer med flott innsats!
(Sist oppdatert 24.januar 2011, 22:01)

Gå til nyhendearkiv