Vaktbuda i skitrekket velta

Av Øyvind

Søndag morgon var det eit litt spesielt syn som møtte Olav Nyberg då han skulle klargjere skitrekket.
Velta vaktbud © Olav Nyberg
Vaktbuda til skitrekket hadde, grunna store mengder med våt snø på taket, velta bakover. Buda står no slik ho skal etter at han fekk skubba ho tilbake med trekkemaskina.

Ingenting vart skada i uhellet, men døra må nok justerast ein del. Trekket gjekk som normalt heile søndag.
(Sist oppdatert 24.januar 2011, 21:00)

Gå til nyhendearkiv