Aktivitetsplan for Barneidrettsskulen - vinter 2011

Av Øyvind

Barneidrettsskulen har mange aktiviterar i vinter. Her kan du laste ned ei fin oversikt over desse.
Målet med idrettsskulen er å gje barna høve til å prøve seg på ulike aktivitetar knytt til ”temaet snø og årstida vinter”. Vi har i sett opp to gongar
med orientering før påske so dei som vil vere med på dette utover våren kan få ei lita innføring i bruk av kart og kompass.
Aktivitetsplan for denne perioden følgjer med, ta godt vare på denne.
Som det går fram av planen har vi i barneidrettsgruppa satt opp foreldra som assistentar på nokon av aktivitetane.
Meininga er at foreldra på denne måten skal bidra ved å stå til disposisjon for dei som er ansvarlige. Den viktigaste jobben er å prøve å få med
dei ungane som er møtt opp slik at vi får det kjekt i lag ute, men det kan og vere å leggje til rette i forkant og/eller rydde opp etterpå.
Vi oppfordrar dei som er sett opp som assistentar å ta med ski og vere med å gå på tur og renne i trekket.
Vi reknar med, og håpar på, at flest mulig er sporty og stiller opp, slik at vi er mange om å gjere dette best mogleg!!


Helsing styret i Barneidrettsgruppa

Legg merke til at planen inneheld 2 sider, der side to inneheld viktig informsjon knytt til aktivitetane.

Last ned planen her.
(Sist oppdatert 14.januar 2011, 22:50)

Gå til nyhendearkiv