Sterk innsats i orienteringsløypa

Av Øyvind

I helga vart det arrangert Vestlandsmeisterskap i orientering på Langeland i Førde. I førekant vart det arrangert Krinsmeisterskap, ultralang. Veten-løparane leverte varene, som vanleg.
Særleg Isak Bergset viste imponerande takter igjen. Han starta med å bli krinsmeister i ultralang forrige onsdag. Her fekk Geir-Olav Roset sølvmedalje og Anders Bergset bronse i sine klassar.Isak Bergset

Under Vestlandsmeisterskapen den komande helga vart han atter ein gong vinnar i sin klasse. Geir-Olav Roset vart nr. 5. I klasse H15-16 vart Sondre Kristiansen nr. 13.
På stafetten tok IL Veten ein sterk 5. plass i klasse H-17. For IL Veten stilte Isak Bergset, Anders Bergset og Geir-Olav Roset. På stafettlaget i klassen H13-16 stilte Vebjørn Bergset, Bjarte Bergset og Sondre Kristiansen. Dei vart nr. 6.

Meir info/resultatlister frå Vestlandsmeisterskapen
Resultat Ultralang
Sjå bilder frå Vestlandsmeisterskapen
(Sist oppdatert 26.august 2010, 22:06)

Gå til nyhendearkiv