Sykkelløp: Vetenrittet 2010

1. aug. kl. 13.00. Start og mål v/Nordfjord Fritidssenter.
Trimritt på sykkel med løyper på ca. 600m, 10 og 14 km, tilpassa alle aldersgrupper.

Sykkelløp2010 annonse


Då er 1. utgåve av Vetenrittet gjennomført med 30 spreke syklistar. Konklusjonen er at dette må vi prøve å få til som et årleg arrangement.

Beste tid i herre/guteklassen var det Geir Olav Roset som hadde - tid: 35,24
Beste tid i dame/jenteklassen, Hanne Kristiansen - tid: 46,13

Resultatliste
Bilder


Sykkel løypeprofil

Løypeprofilar

Løypebeskrivelse:
Lengde ca. 600 meter: Rundløype ved Nordfjord Fritidssenter (500 moh). Dette er ei enkel asfaltert løype med svært lite stigning. Er tenkt for dei minste syklistane (også med støttehjul/trehjulssykkel) opp til og med 12 år. (Det blir ikkje tidtaking for dei under 10 år)

Lengde ca. 14 km: Løype frå Nordfjord Fritidssenter (500 moh) via Demmene, Roset (250 moh), Ulvedal, Bergset, Sølvberg og tilbake til Fritidssenteret: 0 - 400 meter asfalt, 400 - 800 meter grusveg, 0,8 - 2,1 km grusa tur/sykkelsti, 2,1 - 2,5 km grusveg/tursti (grus/jord), frå 2,5 - 4,4 km (Roset) er det grusveg, 4,4 - 9,4 km asfalt, 9,4 - 12,8 km grusveg, så er det asfalt til mål. (Berekna for 17 år og eldre)

Lengde ca. 10,4 km: Løype frå Nordfjord Fritidssenter (500 moh) via Demmene, Ulvedal (350 moh), Bergset, Sølvberg og tilbake til Fritidssenteret: Same som over til 2,1 km, 2,1 - 3,7 km (Ulvedal) er det grusveg, frå 3,7 er det asfalt og resten av løype går same veg som ovanfor (kjem inn på den andre på ca. 7,3 km) (I utgangspunktet tenkt for syklistar 13 - 16 år)

Trimklasse: Fritt val av løype utan tidtaking.

Startkontingentar:
- Til og med 12 år kr 50,- (Alle får premie)
- 13 år og eldre kr 100,- (1/3 premiering)
- Trimklasse kr 50,- (Premie v/loddtrekning)
- Makspris familie kr 250,-

Kombiner gjerne deltakinga i dette sykkelrittet med søndagsmiddag på Fritidssenteret, som har grillmat på menyen denne søndagen.

Klasseinndeling:
Jenter under 10 år, 600 meter (F.år 2001- ), utan tidtaking
Gutar under 10 år, 600 meter (F.år 2001- ), utan tidtaking

Jenter 10-12 år, 1.200 meter (2 x 600 m) (F.år 1998-2000)
Gutar 10-12 år, 1.200 meter (2 x 600 m) (F.år 1998-2000)

Jenter 13-16 år, 10,4 km (F.år 1994-1997)
Gutar 13-16 år, 10,4 km (F.år 1994-1997)

Jenter 17 år og eldre 14 km (F.år -1993)
Gutar 17 år og eldre 14 km (F.år -1993)

Trimklasse, fri løype utan tidtaking.
(Sist oppdatert 01.august 2010, 19:49)

Gå til nyhendearkiv