Marianne Roset til EM i rugby

Av Øyvind

Marianne, som er mest kjend som ein habil skiskyttar og langrennsløpar, studerer for tida ved NTNUI i Trondheim. Der fekk ho i fjor opp auga for sporten rugby.
Marianne Roset - orientering KM08 © Harald Vartdal (Fjordingen)Ho har, i løpet av det siste året, blitt så god at ho er ein av dei beste på NTNUI sitt lag. Cathinka Walberg, nestleiar for NTNUI Rugby, seier at Marianne er ein av dei spelarane Rugby Norge har stor tru på for framtida.

I tillegg til at ho no er med i troppen til Norge i EM i Danmark, er ho også høgaktuell for studentlandslaget som skal til student-VM i Porto i juli.

Vi ønskjer Marianne lukke til med rugby-karriera! Det vil bli spennande å sjå korleis det går i EM. Kanskje får vi også ein OL-deltakar når 7s-rugby står på programmet i Rio i 2016?

Kven som stiller for Norge i EM 23. mai kan du sjå her.
(Sist oppdatert 14.mai 2010, 00:55)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))