Sterke resultat på KM sprint på Sandane

Av Øyvind

Med ein 1. plass og to 2. plassar, leverte orienteringsløparane frå IL Veten ein sterk prestasjon på sprinten 5. mai.
Orientering - KM 2010 Herrar © Gunnar Gytri
Orientering - KM 2010 Herrar
Gunnar Gytri
Dei 3 beste herrane (frå venstre): Anders Bergset, Isak Bergset og Vidar Eide
Orientering - KM 2010 Damer © Gunnar Gytri
Orientering - KM 2010 Damer
Gunnar Gytri
Dei 3 beste i dameklassen var (frå venstre): Dorte Gytri, Berit Bergset og Ingeborg Magerøy
Orienteringsløpa er reine slektsstemner for familien Bergset for tida. KM på Sandane var ikkje noko unntak i så måte. Med ein 1. plass til Isak og ein 2. plass til Anders i herreklassen (H17), og ein 2. plass til Berit i dameklassen (D17) er det berre å ta av seg hatten og gratulere.
Geir Olav Roset og Bjarte Bergset stilte også til start på KM, men vart uheldigvis diskvalifiserte.
Her kan du sjå heile resultatlista.
(Sist oppdatert 08.mai 2010, 02:23)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))