VÅRTURAR på Nordsida

Av Trimgruppa

Bli med på måndagsturane i vår. Første tur er allereie førstkomande måndag.
bjørk
Kom og bli med på rolege trimturar.

Vi legg opp til turar der vi gjev oss tid til å rydde, merkje og skilte det som trengs. Då kan du sjølv regulere kor mykje trim du vil ha. Ta gjerne med deg litt reiskap. (På slike turar er det ein fordel med fjellsko el.l.)

Oppmøtestad er staden som står etter datoen. Tidspunkt: kl 20.00

12.april: Myrasvingen, Øyestad, Stranda, opp til skogsvegen, innover mot skulen, gamlevegen nedatt på Myrasvingen.

19. april: Ovanfor Rosenlid, Heimlid, Kårstadskora.

26. april: v/avkøyrsla til ”gamle-Gald”, mot Reiskora og oppatt til Fjellkårstad.

3. mai: Teigen, opp Kårekleiva .....

10. mai: v/Fjellvarden, tur i Sølvbergskogen, til Lyfting og innatt.

17. mai: v/Kyrkja og mjølkerampen på Bergset. Folketog.

24. mai: Tur til Bergsetnausta. Friluftsgudsteneste.

31. mai: Nordsida skule, Holten, ut nedanfor Øyestadstøylen, Roset....

7. juni: v/Sagedammen, til Bjønnjahidet. Rundtur.

14.juni: v/Sagedammen, Demmene, mot Roset, til Kopargruvene, via Veten og Ulvadalstunet...

21. juni: v/Sagedammen: Demmene, Nordfjord Fritidssenter, skogstur via Grøtet tilbake

Helsing TRIMGRUPPA IL VETEN
(Sist oppdatert 17.april 2010, 10:27)

Gå til nyhendearkiv