Mange Veten-løparar med i trimklassen!

Av Øyvind

Heile 10 løparar frå IL Veten stilte til start i trimklassen under årets Holmøyskarrenn.
Med dette hadde idrettslaget vårt det høgste deltakartalet. Ein flott prestasjon!

Årets Holmøyskarrenn gjekk, grunna lite snø, i reserveløype på Ullsheim. Vêret vart betre enn meldingane skulle tilseie og det var minimalt med nedbør.

Det beste resultatet blant Veten-løparane hadde Marianne Roset, som vart nest raskaste kvinne med tida 1.36.43.

Dei andre som deltok var:
Iselin Myklebust
Irene Kroken Bergset
Hanne Kristiansen
Oddvin Myklebust
Ivar Ulvedal
Bård Ove Bergset
Sondre Kristiansen
Gunnar Bakken
Oddmund Teigland

Les meir om Holmøyskarrennet
Sjå heile resultatlista
(Sist oppdatert 31.mars 2010, 18:20)

Gå til nyhendearkiv