Marius med på historisk NM-lag

Av Øyvind

Marius Holen Nygård frå IL Veten er med på laget frå Sogn og Fjordane som stiller på Senior NM hopp 2010 normalbakke som går av stabelen i Vikersund Hoppsenter 26. - 28. mars. Det er første gong at Sogn og Fjordane stiller lag i Senior NM.
Med seg på laget har han også Lorentz Fannemel frå Hornindal IL, som også har mange treningstimar i Bjørkelibakkane, Akseli Kokkonen (Stårheim IL) og Stig Morten Fredheim (Hafslo IL).

Marius stiller også på i NM normalbakke individuelt laurdag 27. mars.

Vi ønskjer lukke til!

Les meir på NRK S&Fj si nettside
(Sist oppdatert 20.mars 2010, 00:54)

Gå til nyhendearkiv