Ny bakkerekord i K90!

Av Øyvind

Kombinertløparen Espen Andersen sette laurdag ny bakkerekord i K90 med 105,5 meter.

Espen er 17 år gammal og stiller for Lommedalen IL Kollenhopp.

Andersen stilte i yngste juniorklasse i kombinert. Dette er absolutt ein mann som kan ta over arven etter Magnus Moan, Petter Tande og resten av norgeseliten innan sporten.

IL Veten gratulerer Espen med bakkerekorden!

I tillegg til å setje bakkerekord, vart han også dobbelt norgesmeister under arrangementet her i Stryn.
(Sist oppdatert 07.mars 2010, 20:34)

Gå til nyhendearkiv