Vellukka Take Off!
Torsdag 26. okt. var 18 hopptalent frå IL Veten og Hornindal IL samla i Stryn for å få informasjon og inspirasjon i høve til komande sesong.
Take Off 06 er det største rekrutteringstiltaket i Noreg innan hoppsporten nokon gong. Norges Skiforbund plukka ut Stryn som ein av dei 33 plassane i landet der dette skulle arrangerast.
18 hopptalent var samla i Stryn denne kvelden, som starta med ei seanse på Stryn vidaregåande skule der hopparar og foreldre fekk sjå ein presentasjon frå Skiforbundet. I tillegg vart to videoar viste. Vi var so heldige å ha med oss juniorlandslagshoppar Andreas Stjernen (son av den tidlegare storhopparen Hroar Stjernen). Han fortalde litt om seg sjølv og svarte på spørsmål frå hopparane og dei andre frammøtte.
Etter dette gjekk turen til gymsalen ved Stryn ungdomsskule. Her fekk dei unge talenta treningsinstruksjon frå Stjernen, før kvelden vart avslutta med pizza og sosialt samvær.

![]() |
Take Off 06 - Jentehopparar |
Svein Nygård |
Frå venstre: Kristi Bergset, Rita Gausemel, Sigrid Haugen, Nina Tomasgård og Emilie Otterdal |
![]() |
Take Off 06 - Mageøvelse |
Svein Nygård |
Frå venstre: Brede Fannemel, Andreas Stjernen og Tor Odne Seljeset |
(Sist oppdatert 07.november 2006, 21:55)
Siste nytt
- Må 09.des 22:12
- Terminliste for hopp og kombinert 2020
- Må 09.des 22:12
- Skiløyper til Nosakleiva
- Lau 07.des 15:12
- Oppkøyrde skiløyper til Sølvbergsstøylen
- Må 25.nov 22:11
- Idrettslagsbasar 01.12.19
- Tys 12.nov 19:11
- Handlekveld på Sport 1 torsdag
Kalendar
- 5. jan
- SFE KM Hopp og kombinert
- 30. jan
- SFE Cup Hopp
- 27. feb
- SFE Cup Hopp
- 8. mar
- SFE Cup Hopp Finale