Nyttig samling på Sandane 26. oktober!

Av Øyvind

Sogn og Fjordane idrettskrets inviterar til idrettens møteplass laurdag 26.oktober på Sandane. Det er i år eit veldig bra og variert program, både for barn/ungdom og for trenarar/aktivitetsleiarar.
For trenarar/aktivitetsleiarar er det kurs i barneidrett. Dette kurset gir grunnleggande kunnskap om korleis idrettsaktivitet for barn opp til 12 år skal bli lagt til rette og leia, slik at barna opplever glede, tryggleik og mestring. Dette kurset er generelt og går på tvers av alle særidrettar. Kurset går laurdag og søndag. Det kostar 650 kr, men denne avgifta vil IL Veten sponse for alle som ønskjer å delta.

For barn/ungdom er det "Treningssamling på tvers av idrettar, for ungdom 12-19 år". Samlinga er gratis.

I tillegg er det ulike kurs for idrettslag/styre og haustmøter for ulike særidrettar.

Vi er allereie nokre som veit at vi skal reise og vi håpar at veldig mange både vaksne og barn har lyst å bli med til Sandane denne dagen. Spesielt håpar vi at mange barn/ungdom vil delta på treningssamlinga, og i tillegg at alle som har noko med barneaktivitet å gjere, t.d. idrettskulen, fotball, ski, hopp, orientering osv. ønsker å bli med på aktivitetsleiarkurs.

Send påmelding til meg så fiksar eg vidare påmelding samla. Sjekk ut vedlagt link for meir info, og ring meg gjerne om det er noko de lurer på:)
Mobil: 916 15 823
E-post: odd.arne.bergset@gmail.com

Les meir på denne sida

Mvh
Odd-Arne
(På vegne av IL Veten)
(Sist oppdatert 14.oktober 2019, 22:37)

Gå til nyhendearkiv