Bjørkelibakkane

![]() |
Arenakart Vangen |
Bjørkelibakkane er eit hoppanlegg som er ein del av Nordfjord Fritidssenter.
Dersom du ein vinterkveld kjem med fly mot Sandane Lufthamn, eller med bil over Utvikfjellet, så kan du oppleve å sjå det opplyste anlegget omlag 600 m.o.h. på nordsida av Nordfjorden, med heile sju hoppbakkar i storleikar frå 5 til 90 m. Dette er Sogn og Fjordane sitt fylkesanlegg for hoppsport, eit anlegg som har fått svært positiv omtale både frå leiarar og aktive.
Gjennom ein utbyggingsperiode på nær 15 år har dette anlegget vakse fram ved hjelp av spelemidlar og med kommunal innsats når det gjeld vegframføring og parkeringsplassar. Men det mest imponerande er likevel dugnadsinnsatsen frå ein trufast gjeng mellom dei vel 400 innbyggjarane i idrettslaget Veten sitt geografiske område.
Vi kan no også tilby hopping i plastbakkar i storleik K15 og K40!
Sjå 360-kamera frå plastanlegget i Bjørkelibakkane!
![]() |
Bjørkelibakken |
Rundt anlegget er eit nett av oppkøyrde skiløyper med lys.
Meir informasjon om bakkane kan du også lese på nettsida www.skisprungschanzen.com.
Det er lurt å ta kontakt med kontaktperson i IL Veten, Vidar Stavik, på mobilnummer 928 07 864 på grunn av varierande vêr- og snøtilhøve, dersom de tenkjer å nytte anlegget.
Føl med på nyhende på www.veten.info for oppdatert informasjon.
Velkomne til trening i Bjørkelibakkane!!
Siste nytt
- Må 09.des 22:12
- Terminliste for hopp og kombinert 2020
- Må 09.des 22:12
- Skiløyper til Nosakleiva
- Lau 07.des 15:12
- Oppkøyrde skiløyper til Sølvbergsstøylen
- Må 25.nov 22:11
- Idrettslagsbasar 01.12.19
- Tys 12.nov 19:11
- Handlekveld på Sport 1 torsdag
Kalendar
- 5. jan
- SFE KM Hopp og kombinert
- 30. jan
- SFE Cup Hopp
- 27. feb
- SFE Cup Hopp
- 8. mar
- SFE Cup Hopp Finale