Vetenbadinga

Badetida er frå 19.00-20.00 fredagane. Alle hjelper til å rydde bassenget for leikar.
Alle skal vere ute av garderoben 20.00. De er sjølve ansvarlege for å berekne tida.

Dersom de betalar pr gang, eller har med «gjestebadarar» ser vi helst at de betalar til vipps Veten IL (81799) etter kvar gong. Merk med bading.
Betal inn årskorta snarast mogleg til kontonr. 3795.10.40631. Merk med namn og bading.

Familie:
Årskort: 1300 kr
Halvårskort: 700 kr
Eingongs bading: 200 kr
Enkel:
Årskort: 500 kr
Halvårskort: 300 kr
Eingongs-bading: 80 kr


• Det er viktig at alle hugsar vakta si, då det ofte er mange på badinga og vi må vere to for å halde oversikta.
• Dersom vakta ikkje passar må de sjølve bytte med nokon andre.
• Dei som ikkje er sette opp no blir sett opp etter jul.
NB! Alle skal dusje UTAN badekle før bading (for å halde klornivået nede, så slepp vi å svi så mykje i augene). Det er viktig at dei vaksne og større ungdommane/ungane går føre med eit godt eksempel her.


Her er ei oversikt over badevakter og medhjelparar hausten 2018:
Bading: vaktliste haust 2018