veten.info

Info arrangement

Panoramamarsjen 2010

Tid: Søndag 8. august
Stad: Nordfjord fritidssenter  
Arrangør: IL Veten

Søndag 8. august går Panoramamarsjen av stabelen med utgangspunkt frå Nordfjord Fritidssenter på Fjelli, ca 20 km vest for Stryn. Eit arrangement som har som mål å gje menneske i alle aldersgrupper og med ulik fysikk sjansen til å oppleve fjellet. Eige opplegg for barn, og det er også organiserte guida turar i ulike vanskegrader.
Panoramamarsjen er eit årleg arrangement der du samlar poeng frå år til år og oppnår ulike utmerkingar. Alle turane har start og innkomst på Nordfjord Fritidssenter, Bergset, Fjelli. Du vel om du vil vere med på organiserte vandringar, eller om du vil gå frå post til post sjølv. Det er utplassert mange postar frå fjell til fjøre der du kan klippe i startkortet ditt på kvar post. Du får kart med deg og styrer alt sjølv. Kor mange postar når du? Frammøte frå kl 9.00. I mål før kl 18.00.

Fem-toppsturen, tilbod til dei sprekaste
Denne startar kl 9.00, og ein må rekne med å bruke dagen. Femtoppsturen går til Blåegga (1049 m.o.h.), Holmøyskaregga (1064 m.o.h.), Glitteregga (1297 m.o.h.), Heida (994 m.o.h.)og Bergsetnakken (1133 m.o.h.), dersom veret tillett det.

Fritt val
For dei som ønskjer å nyte dagen og området åleine eller saman med sine vil det sjølvsagt vere mulighet for det. Det vil bli utdelt kart over området med avmerking av kvar det er postar. Det vil som før vere poeng for kvar post ein er innom.

Guida turar
Det blir to guidar turar kl 11:00:

Fem-støylstur:
Roset, Ulvedal, Bergset, Indrestøylen og Sølvbergstøylen. Lett tur. ca 3 timar

Den andre turen går via Rostestøylen til Bergsetnakken, Heida og tilbake via Bergsetstøylen. Middels lett tur. ca 5 timar.

Barnetilbod
Konglearrangement i gapahuken i Villmarksleiren (ca 400 m frå senteret). Grilling og aktivitetar. Start frå senteret kl 12.

Startkontingent
- vaksne kr 100,-
- barn kr 50,-
- familie kr 250,-

- kart kr 30.-

Epost: post@veten.info