Rekrutteringsrenn i hopp og kombinert

Tid: Fredag 29. februar kl. 19:00
Arrangør: IL Veten og Norges Skiforbund

Hopp og kombinert logo


Kombinert

Vi arrangerer rekrutteringsrenn for å auke interessa for hopp og kombinert i høve Norges Skiforbunds 100-årsjubileum.


Skiforbundet 100 år

Meir info frå Skiforbundet her...

Vi inviterer alle interesserte til å møte opp i Bjørkelibakkane denne kvelden for å prøve om hopp eller kombinert kan vere ei idrettsgrein å satse på. Vi håpar og at dei som har hoppa før møter opp for å støtte opp om miljøet. Det blir påmelding i bakkane frå kl. 18.30. Følgjande bakkar blir opne: 5, 10, 15, 25 og 40 meter.

Det er ikkje krav om spesiellt utstyr denne kvelden, men det er nok best med ski utan fast binding. Vi stiller med instruktørar som forklarer litt om hoppteknikken.

Det blir også lagt opp til enkelt langrenn for å ivareta kombinertdelen for dei som ønskjer det. Fokus denne kvelden blir ikkje resultata, men at flest muleg får høve til å prøve seg i hoppbakkane og løypene. Kort sagt ein miljøkveld for hopp- og kombinertsporten i Nordfjord.

Det blir enkel matservering/grilling av pølser e.l., gratis for borna.

Det blir deltakarpremie til alle. Vi håpar at flest muleg møter opp og gjer dette til ein hyggeleg kveld. Vel møtt!

Med helsing
IL Veten

Kontaktpersonar:
- Thorolf Aarøen - tlf. 911 28 730, post@veten.info
- Jon Kåre Blakset - tlf. 415 30 795

Innbyding (.pdf)